Sykkeli Lykkeli
Hålien og Tovar

Spinn, spinn, kanskje du finn.. ei spinnvill forestilling på hjul!
Sykkeli Lykkeli er ei sanseleg forestilling på elektriske hjul som innbyr til undring og fantasi.
Handlinga krinsar kring den magiske sykkelen, som har scenografiske element som gir assosiasjonar til ein drage.
Sirklar går igjen i både rørslespråk og scenografi, og utan ord blir det tydeleg at utøvarane er på eit oppdrag eller søken etter noko.
Sykkelen lagar lydar og speler musikk som påverkar utøvarane, samstundes som dei integrerar omgjevnadane og publikum undervegs i framsyninga.
Interaksjonen mellom utøvarane og med publikum er bærande gjennom heile stykket, saman med leik, dans, musikk og uventa vendingar. Det heile akkumulerar i at utøvarane finn ein gjenstand som kan minne om eit egg med eit levande vesen inni - kanskje ein liten babydrage? - som dei tek med seg på sykkelen og reiser vidare.
Dansen og rørslespråket inneheldt element frå tradisjonsfeltet. Leik med sviving, rytmiske tre-takter frå springar, kraftfulle spark og kruketurar frå halling.
Her er Onstad Hålien drivande, i kraft av å vera tradisjonsbærar og scenekunstnar med dette som base.
Tovar er mest kjent som skodespelar på scener og i sitt arbeid med Sykehusklovnene. Han har ein særeigen måte å bygge opp ein karakter på, som sørgar for at leiken, humoren og kreativiteten står i fremste rekke.
Erlend Viken har komponert musikken til forestillinga med klangbotn i tradisjonsmusikk. Erlend har komponert musikk til fleire teater- og danseoppsetjingar og er kjend for sin leikne tilnærming, sitt rytmiske driv og gode umiddelbare melodilinjer med klare referansar til folkemusikk - men som fenger eit breidt publikum.
Ein versjon med live-musikk v/ to musikarar er også under utvikling, og vil bli klar for visningar f.o.m. 2026.
Forestillinga er primært laga for born i alderen 3-6 år, men passar også godt for eldre born og for publikum med særskilte behov.
Etter framsyningar i barnehager, skuler, på festivalar og for bebuarar på omsorgsinstitusjonar har me hausta svært gode attendemeldingar.
Både vaksne og unge blir dregne med i handlinga, og får la fantasien flyte fritt medan ein kviler i vakker musikk, scenografi og dans.
Forestillinga er laga for å bli vist utandørs, der utøvarane nyttar seg av eksisterande element (td klatrestativ, søppelkasser, benkar, steinar, tre osv). Leiekplassar, opne torg eller liknande høver absolutt best, der det ideelt sett er eit nokså flatt speleområde på omkring 8 m i diameter.
Forestillinga startar før publikum kan sjå sykkelen, ein kan kun høyre lyden før utøvarane etterkvart kjem til syne. Den avsluttar tilsvarande ved at dei syklar avgarde heilt til dei er utanfor hørsels- og synsvidde.
Scenografien består av ein sykkel med tilhenger, som fraktar med seg ein høgtaler med innspelt musikk.
På større, opne område har me gode erfaringar med å spele av musikken vha ein enkel PA. Me er også i gang med å utvikle ein versjon med live musikk.