Kva kan ei kvinne vera? Er det noko i dag ho ikkje kan eller bør vera? Finst det noko kvinneleg og mandig i dansen og kva skjer med kjønnsrollene i den norske folkedansen når kvinna i 2020 får spela begge rollar og ta dei heftigaste “karstykka”?

I Noreg har skautet blitt brukt til å både kontrollere og søkje fridom. Kan norske kleds- og bevegelsestradisjonar gje nytt perspektiv til dagens bruk av hijab?

I SKAUT fokuserer koreograf Hallgrim Hansegård og fem medskapande dansarar på tematikken rundt tildekking, avdekking og kontroll av kropp. Kvinnene både strammar og sler ut håret gjennom bunden samtidsdans og fri folkedans.

Koreograf: Hallgrim Hansegård

Komponist: Erlend Apneseth Trio

Dramaturg: Celestine Hennermann

Kostymedesign: Inger Stinnerbom 

Kostymeassistent: Marita Solhjell Ølander

Lysdesign: Gard Gitlestad

Medskapande dansarar: Anita Vika Langødegård, Sara Enger Larsen, Sigyn Åsa Sætereng, Nora Svenning, Ornilia Percia Ubisse. 

Produsent: Ingvil Ljones

Framsyninga er samprodusert med Beaivvas Samiske Nasjonalteater og Bærum kulturhus. Ho er støtta av Kulturrådet, Fritt Ord, Sparebankstiftelsen DNB, Norsk Tipping, Eckbos Legat, Oppland/Innlandet fylkeskommune, Valdres Natur- og Kulturpark.  

SKAUT er ei ny jordnær framsyning med himmelhøge ambisjonar frå FRIKAR.

Urpremiere 28. februar 2020 i Bærum kulturhus.

Fra 13 år