Do not feed the trolls

The Krumple

Bilde av Do not feed the trolls
15:45-16:45
  • onsdag 04.04.18
HJERTNES
13 - 18 år

Do Not Feed the Trolls er ei teaterforestilling som tar for seg råskapen, skadefryden og den håplause idiotien hos moderne internett-troll.

Inspirert av sanne historier om trakassering på nett, nordiske troll, og med kompaniet sin heilt særeigne stil, lar the Krumple publikum oppleve det som ellers skjer i det skjulte. Ved å balansere mellom det humoristiske og det ubehagelege konfronterer kompaniet publikum med spørsmålet: er eg sjølv ein del av dette fenomenet?

Forestillinga fortel historia om Lisa Holloway, ei alminneleg jente som vågar seg ut på internett. Isolert og lei oppdagar den 14 år gamle Lisa den digitale røyndomen av sosiale media. Ho vert raskt ein tilfeldig kjendis i denne verda, men samstundes blir ho gradvis terrorisert av ein hærskare idiotiske, parykk-kledde troll. Trolla verkar fast bestemt på å øydelegge sjølvtilliten hennar, ryktet hennar og dei truar heile Lisa sin eksistens…



Trakassering på nett er dessverre ein svært aktuell tematikk i dag, og særleg for ungdom frå 13 år og opp. Kompaniet er opptatt av å formidle desse historiene om nett-troll - særleg til dei yngre generasjonane som veks opp med internett som kommunikasjonsplattform. Høvet for full anonymitet gjer at vi slepp å bli stilt til ansvar for ytringane våre og det gjer at vi kan uttale oss utan filter. Vi ynskjer at Do Not Feed the Trolls skal gi elevane høve til å sette seg inn i hodet til både den som mobbar, og den som blir mobba.
“Uten å moralisere, og med humor, intelligens og grensesprengende kreativitet, presenteres publikum for et helstøpt univers. [Do Not Feed the Trolls] er usedvanlig vital og kraftfull, og tydeligvis laget av en gjeng som tar arbeidet sitt med største alvor og har ørene tett på bakken.” 
- Mariken Lauvstad, Periskop
Do Not Feed the Trolls er ein co-produksjon med Scenekunst Østfold, og er i Scenekunstbruket sitt repertoar. Forestillinga har turnert i DKS Oppland, Sogn og Fjordane, Telemark og Finnmark. Produksjonen er støtta av Østfold Kulturutvikling, Fond for Lyd og Bilde, FFUK, Seanse, Juritzen Forlag, gjenopptaking støtta av SPENN.

Utøvere: Oda Kirkebø Nyfløtt, Jo Even Bjørke, Vincent Vernerie, Jon Levin
Regi: The Krumple
Produsent: The Krumple
Lys: Linn Sæther
Lyd: Antony Aubert
Scenografi: The Krumple
Dramaturg: Gwendolyn Warnock


 

13 - 18 år